Logg inn

vetenlopetLogo

Bonus for nasjonal bestetid i herreklassa

Det vert i år sett opp kr 5000,- i nasjonal bonus for den løparen som tek den norske rekorden i Vetenløpet. Ein må då under 27.32 minutt, som er tida Jon Tvedt oppnådde i 2008. Den nordmannen som har vore nærast denne tida er Roger Aa Djupvik i 2009 då han brukte 27.41 frå Grotlesanden til Veten. Sidan det er gjort oppgraderingar av våte parti i løypa dei siste åra, bør det vere mogleg å komme under 27.32 ved tørre og fine forhold.

Løyperekorden som tilhøyrer John Sompol på 25.28 frå 2009, ser ut til å bli ståande ei stund til. Løyperekord for damer og menn er kr 7500,- og kjem i tillegg til 1.plass på kr 10.000 og kr 500,- som klassevinnar. Sjå adelskaldender for beste tid for alle deltakarar som har delteke i Vetenløpet sidan 2005.

 vinnar09

Løyperekorden for damene tilhøyrer May Britt Buer og er på sterke 31.49 frå 2012.

 Vetenlopet 2010 Buer