Logg inn

vetenlopetLogo

Testløp til Veten laurdag 27. juni

Kommande laurdag skal vi arrangere eit testløp frå Grotlesanden til Veten, som ein del av førebuingane til hovudløpet laurdag 11.juli. Start vert klokka 13.00 nede på sanden og målgang vert på Veten som vanleg, men løypa vert ikkje merka. Påmelding må gjerast på nett i løpet av fredag 26.juni. Du får ingen faktura ved påmelding, men vi tenkte å ta ei startavgift på kr 20,- som vert betalt ved start for å dekke inn administrasjonskostnadar og tidtakerbrikker.

Normalt køyrer vi dobbel backup på tidtakinga ved mål, men under testløpet vert det kun nytta elektroniske brikker for å teste ut nytt utstyr. Ta gjerne tida di sjølv i tilfelle funksjonssvikt av elektronikken.

Dette vert ei flott anledning til å teste forma, og få tatt ei skikkeleg gjennomkøyring. Ei hardøkt 2 veker før konkurranse er ofte eit gunstig tidspunkt. Raskaste kvinne og mann får den nye flotte tekniske t-skjorta til Vetenløpet. I tillegg vert det trekt ut eit gåvekort på Aquamassasje som er sponsa av Sam Kristian Skår som driv  littbedreliv.no på Nordfjordeid. Hugs at sekk på 2,5 kg er obligatorisk, og at deltaking på dette testløpet skjer på eige ansvar.

Påmelding gjerast her: https://reg.eqtiming.no/?EventUID=19308

Ein kan også sende personalia og påmelding via kontaktskjemaet vårt.

Oppdatert 27.06.15: 8 løparar stilte til start på ein fantastisk flott dag, og arrangør var fornøgd med at nytt utstyr fungerte som det skulle. Resultatliste finn du her.

 grotlesanden frå lufta