Logg inn

vetenlopetLogo

 

Hugs påmeldingsfristen fredag 10.juli

Web-påmelding stenger fredag kl 21.00, og dette er absolutt siste frist for å melde seg på i konkurranseklassa. Det vert ikkje høve å melde seg på før start på laurdag. I mosjon kan ein etterpåmelde seg laurdag frå kl 09.00 til 11.30 ved Iglandsvik Marina, ca 2 km før Grotlesanden. Her vert det også utdeling av startnummer for dei som er førehandspåmeldt, og ein kan også få kjøpt den tekniske t-skjorta til Vetenløpet.

Vi har betalingsterminal her, men ta også med kontantar med tanke på parkering ute på Grotle. Det er ikkje minibankar i Ytre Bremanger, så det er ein fordel å ha litt kontantar på lur. Det vert kiosk ute ved servicebygget på Grotlesanden som opnar ei stund før premieutdelinga. Ev uavhenta startnummer vert frakta ut til startområdet i tilfelle nokon ikkje rekk å hente startnummer mellom kl 09.00 og 11.30.