Logg inn

vetenlopetLogo

Dvergsdal og Ludvigsen vann Vetenløpet 2015

Det vart 2 fantastiske vinnartider under Vetenløpet i dag. Eli Anne Dvergsdal senka den gamle løyperekorden til May Britt Buer med 29 sekund til 31.20. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som fekk tida 25.50 var kun 22 sek bak rekorden til Kenyanske John Sompol. Resultatlister finn du her.

Resultatlistene kan også lastat ned som pdf-filer: resultat klasse og resultat distanse (total).

Det var dei to favorittane som tok 1.plassen for herrer og damer. Eli Anne Dvergsdal som forrige helg tok sølv i motbakke-em greidde å innfri med ny løyperekord og vant relativt klart framfor Merete Weng som fekk tida 32.27 og svenske Ida Nilson som vart nr 3 på 34.59. På herresida var det mange som hadde trua på at Ludvigsen kunne greie den nasjonale rekorden til legendariske Jon Tvedt på 27.32, og Thorbjørn leverte eit kjempeløp og smadra den norske rekorden med over 1,5 minutt. 25.50 er ei tid ingen hadde rekna med var mulig i den relativt fuktige løypa sjølv om det var flott temperatur og regnet heldt seg på avstand. I kampen om 2.plassen vart det jevnt mellom Sindre Hoff og fjorårsvinnar Ole Martin Erdal, men det vart Hoff som passerte målstreken som nr 2 med tida 29.15. Lett overskya vêr og ca 15 grader, gjorde sitt til at mange sette personlege rekordar i år.

I tillegg til dei 123 konkurranseløparane som sprang til topps, var det også påmeldt 368 engasjerte mosjonistar som tok imot løparane med overdøvande jubel.

Her er ein artikkel på kondis.no, og det ligg også bileter på facebook-sida vår. Det vert etterkvart lagt inn fleire bileter og omtalar her. Det er lagt ut ei bilete-samling på nettavisa til Firdaposten.

Vetenlopet 2015 Vinnarane