Logg inn

vetenlopetLogo

Nye klasserekordar 2015

Det var i år sett fleire nye klasserekordar i tillegg til ny løyperekord for damer og ny nasjonal rekord på herresida. I den yngste herreklassa H15-16 sprang Vetle Uhre Hammersvik frå Førde inn til sterke 31.56, i D23-34 sette suverene Eli Anne Dvergsdal, Gular ein imponerande rekord på 31.20 noko som også er løyperekord, i klasse 65-69 senka Trond Sundby frå Balestrand den forrige rekorden med nesten 3 minutt til 41.11 og i den eldste klassen H70+ sprang Reidar G Huus frå Florø inn til 48.25.

Det var mange nye deltakarar både i mosjon og konkurranse i år, og berre blant konkurranseløparane var det 52 nye navn. Passeleg temperatur og lettskya vêr gjorde sitt til at svært mange sette nye personlege rekordar i år. Oversikt over klasserekordar finn du her, og adelskalender som viser bestetida til alle som har delteke på tid i Vetenløpet finn du her. Som ein kan sjå i lista over herrane har Ludvigsen splitta dei 3 kenyarane som toppa lista med ein sterk 2.plass på 25.50, kun 22 sekund bak John Sompol som har løyperekorden i mange motbakkeløp.

Vetenlopet 2015 Eli Anne Dvergsdal

Eli Anne Dvergsdal spurtar inn til ny løyperekord på 31.20 under Vetenløpet 2015