Logg inn

vetenlopetLogo

Påmelding 2016

Påmeldinga er godt i gang og oversikt over dei påmelde finn du her. I år vert det innført 2 startpuljer i konkurranseklassa, og siste frist for påmelding i konkurranse er torsdag 7.juli. Mosjonistane kan melde seg på heilt fram til start, men vi håpar flest mogleg nyttar seg av web-påmeldinga slik at ein unngår kø og ventetid før start. Dei som er førehandspåmeldt kan hente startnummeret sitt kvelden før eller i startområdet ute ved Grotlesanden. Sjå bilete under av dei 3 seriane med startnummer.

Vi prøver oss med 2 startpuljer i år, sidan vi har fått ein del tilbakemeldingar frå enkelte deltakarar som har opplevd å måtte gå i kø i den første bakken før det blir strekk i feltet. I fjor var det nær 130 løparar som stilte til start i konkurranse og den smale stien oppover greier ikkje å ta unna godt nok når dei fremste når bakken og farten går ned samtidig som halen på feltet er på flata og har større fart.

Puljestart
Pulje 1 start kl 12.30 For dei som reknar med å bruke over 40 minutt, samt ungdom 15-16 år.
Pulje 2 start kl 13.00 Her stiller dei som reknar med dei bruker under 40 minutt til topps.

 

 Startnummer pulje 2 konkurranseKonkurranse pulje 2

 Startnummer konkurranse pulje 1Konkurranse pulje 1

 Startnummer mosjonStartnummer mosjon