Påmeldingsinfo og starttider
Viktig at dei som skal delta i konkurranse melder seg på innan fredag kl 22.00, ingen etterpåmelding løpsdagen. Mosjonistane kan melde seg på fram til start men vi oppfordrar til å bruke nettpåmeldinga. Dette for å unngå kø og ventetid ved startområdet, nettpåmelding held ope heilt fram til start. Ved påmelding i mosjon vil ein automatisk verte oppført med starttid kl 09.00 pga ein tidtakarboks som er plassert ved fjellgrinda. For dei aller fleste vil det rekke seg å starte rundt kl 11.00 for å rekke opp til dei første konkurranseløparane kjem i mål.
Dei første i konkurranse som startar i pulje 1 (kl 12.30) er venta i mål frå kl 13.05 og utover, og dei raskaste i pulje 2 med start kl 13.00 er venta i mål frå kl 13.25 og utover. Også i år vert mosjonistane automatisk registrert som fullført med brikker integrert i startnummeret. Dei som ynskjer å få regisrert ei offisiell tid må melde seg på i konkurranse.
Nettsida for kondisjonsidrett, kondis.no har skreve ein flott førehandsomtale som kan lesast her.
Kart over trasèen og startområdet er lagt ut på GOOGLE MAPS