Logg inn

vetenlopetLogo

Tidsskjema

Det er mykje som skjer på laurdag i tillegg til sjølve Vetenløpet. Er fleire ulike aktørar og arrangement, men her ei oversikt over det som skjer i tilknyting til sjølve Vetenløpet.

09.00 - 11.30 Grotlesanden (garasjen før fjellgrinda): Registrering/påmelding av mosjonistar og henting av startnummer
09.00 - 12.00 Flytande start for mosjonistar alt etter kor lang tid ein brukar opp (dei som vil rekke konsert må gå tidleg)
10.30 - 13.00 Kiosk i teltet på parkeringsplassen ved servicebygget (sveler, kaffi, brus og is). VIPPS #90572
11.30 Kiosk opnar oppe på Veten der ei kan få kjøpt sveler, brus og kanskje kaffi/kakao (VIPPS #90572)
12.30 JUBELBLUES med Good Time Charlie på Veten.
12.30 Start pulje 1 konkurranse på Grotlesanden (forventa tid over 40 minut + 14-16 år og 70+)
13.00 Start pulje 2 for dei som reknar med å bruke under 40 minutt på Veten
14.00 Opning av VETEHYTTA og premieutdeling for konkurransløparane oppe på Veten

 

Vi oppmodar om at påmelding blir gjort på nett, og for mosjonistane kan dette gjerast heilt fram til start. Ved å registere seg på denne påmeldingslinken sparer ein mykje tid for då er det berre å hente startnummer ved oppmøte. Det er ofte utfordingar med dårleg nett/mobilforhold på Grotle og då går registreringsarbeidet seint og det kan danne seg kø viss mange skal melde seg på samtidig. For konkurranseløparane er siste påmeldingsfrist fredag 12.juli kl 22.00.

Parkering kr 50,- må betalast med VIPPS eller kort (ingen kontantbetaling).

Under er ei lita oversikt over andre aktivitetar i Bremanger denne helga.