Dvergsdal og Ludvigsen tok førsteplassane
Også i år vart det Eli Anne Dvergsdal, IL Gneist og Thorbjørn Ludvigsen, Varegg Fleridrett som oppskriftsmessig tok førsteplassane i det femtande Vetenløpet. Nest beste dame vart Karoline Erdal, Førde IL og tredjeplassen gjekk til Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy. Ole Martin Erdal, Førde IL tok andreplassen blant herrane. Erdal har tidlegare vunne Vetenløpet og er bror til Karoline Erdal. Den siste pallplassen gjekk til briten Mark Purkis som bur i Norge og representerer Nydalens skiklubb. Resultalista finn du her. Løypa var tørr og fin i år men ein ganske sterk nordavind gjorde sitt til at løyperekordane vart ståande nok eit år, men veldig mange sterke prestasjonar i dei ulike aldersklassane i tillegg til dei 2 vinnarane. Kondis sin reportar Helge Fugleseth var til stades og laga denne repotasjen.
Vi har alltid hatt premieutdeling til klassevinnarar før samanlagtvinnarane vert premiert. Pga opning av Vetehytta, litt sur skoddevind og småstressa arrangørar vart dette desverre ikkje gjennomført godt nok i dag. Dette beklagar vi og kjem garantert til å gjere ein betre jobb neste år. Dei av klassevinnarane som ikkje fekk premiepengane på kr 500,- kan ta kontakt med Vetenløpet sine kontaktpersonar. Ligg også ein biletere og anne stoff på Vetenløpet si facebookside.
Også medaljar gjekk vi tom for før alle kom i mål, men ta kontakt så ordnar vi det og.
Vi fekk følgande klassevinnarar i det femtande Vetenløpet:
D 14-16: Sara B. Aarne, Markane IL, 43:49
D 17-22: Karoline Erdal, Førde IL, 35:50
D 23-34: Eli Anne Dvergsdal, Gneist, 34:06
D 40-44: Silje Blindheim, Apropos Trening, 39:01
D 45-49: Bente Bakke Nødset, Førde, 41:22
D 50-54: Liv Janne Nergaard, Hundvåg, 53:48
D 55-59: Mary Moe, Nausthågane Motbakkef., 46:09
D 60-64: Norunn Stavø, Florø T og IF, 43:04
D65-69: Undis Nødset, Florø T og IF, 58:57
H 14-16: Tørres Bjelland Nøstdal, Eid IL, 38:59
H 17-22: Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, 31:52
H 23-34: Thorbjørn Ludvigsen, Varegg Fleridrett, 26:48
H 35-39: Rudi Heilund, OS, 37:53
H 40-44: Hans Jacob Sausjord, Haugesund, 38:52
H 45-49: Per Ove Walaker, Fanaråk IL, 33:50
H 50-54: Ole Jonny Vallestad, Førde, 34:29 (ny klasserekord)
H 55-59: Jan Arve Solheim, Eikefjord Ski, 35:45
H 60-64: Rune Gjerstad, Mjøsdalen IL, 40:33
H 65-69: Harald Nygård, Fil Aks-77, 40:41
H 70-74: Herbjørn Brennhovd, GOL IL, 44:00 (ny klasserekord)
H 75-79: Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen IL, 46:53
Mange sterke prestasjonar, og takk til alle mosjonistane som var med å lage ei fantastisk stemning på toppen sjølv om det blei vel kaldt når skodda kom. Vi kjem tilbake med bileter og meir info etterkvart.