Påmelding
Påmeldinga kan gjerast her
Deltakarliste over dei påmelde kan du sjå her
I 2016 vart det innført puljestart i konkurranseklassa, og det blir det også i 2019 etter gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Antal deltakarar aukar for kvart år og dei siste åra har enkelte opplevd å gå i kø opp første bakken. Når dei raskaste startar på bratta opp mot Grolsdalen vil tempoet for desse gå kraftig ned, samtidig som halen på feltet forsatt er på flata og held ein større fart. Dette vil føre til ein trekkspeleffekt når startfeltet er stort. Vi tenker oss 2 like store puljer, der endeleg puljefordeling og tildeling av startnummer vert gjort dagen før løpet. Dei som f.eks spring 10 km på 45 minutt, vil normalt klare Vetenløpet på under 40 minutt.
- pulje kl 12.30: Forventa tid over 40 minutt, startnummer 100-199 (maks 100 deltakarar)
- pulje kl 13.00: Forventa tid under 40 minutt, startnummer 1-99 (maks 99 deltakarar)
Klikk her for resultatliste 2018.
Deltakarkontingent (lisens kjem i tillegg)
Barn (under 15 år) | kr 75,- |
Mosjon | kr 200,- |
Konkurranse | kr 300,- |
Vetenløp-medaljen til alle som fullfører.
Info om lisens 2016
I 2014 vart det innført lisens på alle mosjonsløp med deltakarkontingent. Dette er eit beløp alle arrangørar må betale inn til Norges Friidrettsforbund for alle påmelde deltakarar. Vetenløpet aukar difor påmeldingskontingenten tilsvarande lisensen pr deltakar.
Barn fram til 13 års alder er automatisk forsikra gjennom idrettens barneforsikring og skal ikkje betale lisens. Barn 13 og 14 år må kjøpe eingongslisens for kr 20,- dersom dei ikkje har heilårslisens. Alle over 14 år i mosjonsklassa betaler tilsvarande kr 30,- i lisens medan konkurranse-deltakarar betaler kr 40,-. Dette vert automatisk innbetalt ved påmelding. I utgangpunket er deltakarkontingenten for Vetenløpet kr 75,- for barn, kr 200,- for mosjon og kr 300,- for konkurranse. Lisens kjem i tillegg.
Les meir om lisens her