Logg inn

vetenlopetLogo

Praktisk informasjon

Fredag 06. juli 2018

Kl. 17.00 – 19.30:
Registrering og henting av startnummer i mosjonklassen ved klubbhuset til Bremanger Idrettslag på Hauge Stadion. Det vert også sal av Vetenløpet si tekniske t-skjorte til kr 150,-

Kl. 22.00: Påmelding konkurranse stenger. Ingen etterpåmelding, men mosjonsklassen er open fram til start.

 Laurdag 07. juli 2018:

Kl. 09.00 – 11.30: Registrering og henting av startnummer ved Grotlesanden. OBS! Påmelding kan gjerast på nett før ein hentar startnummer. Dårleg mobildekning kan føre til langsam registrering og kø. Dei som er førehandspåmeldt kan gå rett til kø for henting av nr.
Kl. 11.00: Start mosjonsklasse. Alle under 10 år må vere i følgje med vaksne.
Kl. 12.00 - 16.30: Kiosk ved servicebygget Grotlesanden. Sal av mat og drikke, samt tekniske t-skjorter
Kl. 12.30: Starttid konkurranse pulje 1 over 40 minutt
Kl. 13.00:

Starttid konkurranse pulje 2 under 40 minutt

Kl. 16.00: Premieutdeling på Grotlesanden

OBS!! Husk kr 40,- til parkering. Kun kortbetaling eller Vipps.

Reglar

  • Konkurransedeltakarane må ha sekk med minimum 2,5 kg på ryggen. Det vert kontrollveging på toppen, og avvik inntil 0,5 kg fører til tidsstraff på 2 minutt. Er sekken under 2 kg vert deltakaren diskvalifisert. Deltakarane må sjølve bere med seg kle og mat for turen (både opp og ned.)
  • Sko med skarpe piggar er forbode.
  • Stavar er forbode i konkurranseklasse.
  • I konkurranse er maks deltakartal 199 (100 i pulje 1 og 99 i pulje 2)
  • Startnr med tidtakarbrikke skal vere festa godt synleg på brystet. Avvik kan føre til diskvalifikasjon.
  • Aldersgrense: Deltakarar i konkurranseklassa må fylle 15 år i løpet av kalenderåret. Korrekte opplysningar må leggast inn ved påmelding.

 

Kontaktinformasjon

  • Annbjørg Hauge Nygård
mob 909 36 469
  • Mary Moe
mob 909 52 634

 


Premiar

Følgande pengepremiar for totalplassering gjeld for både kvinner og menn:
1 premie: kr 10.000
2 premie: kr 5000
3 premie: kr 3000

I tillegg vert det utbetalt kr 7500 for ny løyperekord for både kvinner og menn.

Alle klassevinnarar får kr 500,- i pengepremie.

 


Løyperekordar 

  • Menn: John Sombol 25 min 28 sek (2009)
  • Kvinner: Eli Anne Dvergsdal 31 min 20 sek (2015)
  • Beste nasjonale tid er det Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som oppnådde i 2015 på 25 min 50 sek

 

Servering / Overnatting

Knutholmen Restaurant og Pub AS - tlf. 57 79 69 00
www.visitbremanger.no
Farmen - tlf. 57 79 59 10
Havly - tlf. 57 79 21 30

 

Anna

  • Parkering ved Grotlesanden: 50 kr pr. bil (hugs kontantar)
  • Kart over løypetrassê og startområdet finn du her
  • Det vert 2 drikkestasjonar undervegs og ein på toppen.
  • Røde Kors vert plasserte langs løypa.
  • Dusjing etter løpet kan gjerast på klubbhuset ved Bremanger Stadion.
  • Alle som vil bli registrerte med tid , må delta i konkurranseklasse.
  • Deltakarane konkurrerer i klassar delt etter alder og kjønn:

D15-16, D17-22, D23-34, D35-39, D40-44, D45-49, D50-54, D55-59, D60-64, D65-69, D70-74, D75-79, D80+.

H15-16, H17-22, H23-34, H35-39, H40-44, H45-49, H50-54, H55-59, H60-64, H65-69, H70-74, H75-79, H80+.

Alle som fullfører er vinnarar av Vetenmedaljen, som dei får ved målgang på Veten. I tillegg får alle utdelt Vetenløp-buff.